What we’re about
Dette er ei gruppe for treff (meetups) i javaBin Sogn - ei ny undergruppe i javaBin. Sjå https://www.java.no/ for meir info om javaBin.
Vi treffest for både fagleg påfyll og ikkje minst for den sosiale biten, med god prat om både fag og ikkje-fag.
Som ei javaBin-gruppe dekker vi naturlegvis tema knytt til Java/JVM. Sidan det ikkje er veldig mange andre Meetup-grupper i Sogn, kjem vi også til å dekke andre tema. Post gjerne idear i "Discussions"!
Upcoming events (1)
See all- Bli kjent og bli med i javaBin Sogn!Digitaliseringsdirektoratet, Leikanger
javaBin Sogn treng fleire eldsjeler som vil vere med å drive lokallaget.
javaBin Sogn er eit lokallag i javaBin — brukarforeninga for Java i Norge.
javaBin har lokallag rundtom i Norge som jamnleg arrangerer meetups, og organiserer JavaZone-konferansen i Oslo Spektrum kvar september.Du treng ikkje programmere Java for å vere med. Vi famnar breiare fagleg enn berre Java. I dei største byane er det eigne grupper for frontend, backend, KI, tryggleik osv. Her i Sogn er det færre grupper.
Kva innhald vi vil ha på våre treff, er opp til oss.Bli med, bli kjent med javaBin, treff andre og gje innspel på kva vi skal gjere vidare.
Nokre grunnar til å bli aktiv i javaBin Sogn:
- Du aukar nettverket ditt og blir kjent med dyktige likesinna
- Du kan, om du vil, vere med å kode på javaBin sine prosjekt
- Du får erfaring med å ha ansvar og organisere
- Du får delta på sosiale arrangement og treffe andre i javaBin i Norge, deriblant får ein delta på JavaZone
- Du får delta på javaBin si Landskongress, der vi som eit lag reiser til utlandet og planlegger javaBin og JavaZone
- Du får vere med og lage eit givande fagleg-sosialt miljø for IT i SognDATO & TID:
Torsdag 25. april kl. 16:00
Det vert lasagne og drikke attåtSTAD:
Kantina hos DigdirAGENDA:
- Kva og kven er javaBin?
- Kva gjer eldsjeler og frivillege i javaBin?
- Kva har vi gjort i javaBin Sogn tidlegare?
- Kva vil vi gjere vidare?KVEN:
- Livar Bergheim. Leiar for lokallaget
(oppdaterast)
og alle andre oppmøttePS. Hugs å melde deg på så vi får bestilt rett mengde mat